Det norske personellet i Camp Bifrost. Mali bor i telt/ The Norwegian persinnel in Camp Bifrost, Mali live in tents.

Forsikring og skade

Personell som gjer teneste i internasjonale operasjonar er omfatta av ein eigen erstatningsordning.

​Alt personell som skal gjere teneste i internasjonale operasjonar får utfyllande informasjon om erstatnings- og forsikringsordningar som gjeld i tenesteperioden, før dei reiser ut.

Erstatningsordning
Personell som gjer teneste i internasjonale operasjonar er omfatta av ein eigen erstatningsordning. Staten erstattar tap påført personell på grunn av skade eller sjukdom oppstått som følgje av teneste i ein internasjonal operasjon. Både fysiske og psykiske skadar er omfatta.

Forsikringa gjeld 24 timar i døgnet i operasjonsområdet. Forsikringa gjeld òg for skadar som oppstår utanfor operasjonsområdet så lenge skaden har ein klar samanheng med tenesta. Forsikringa gjeld likevel ikkje når ein er heime i Noreg på leave eller permisjon. 

Familien din er òg sikra erstatning dersom du skulle døy av skaden eller sjukdomen. Dei som er dekt er ektefelle/partnar/samboar og born under 20 år. For personell i utanlandsteneste må sambuarskapet ha vart i minimum ni månader, og kunne dokumenterast med felles adresse i Folkeregistret. Dette gjeld ikkje for sambuarskap med felles born.

Les meir om denne ordninga, og korleis du kan søkja på sidene til Statens pensjonskasse.

Yrkesskadeforsikring
Heime i Noreg er du òg forsikra. Lov om yrkesskadeforsikring sikrar deg erstatning dersom du får ein yrkesskade eller yrkessjukdom i løpet av tida du er tilsett i Forsvaret. Det er viktig å vere klar over at denne yrkesskadeforsikringen ikkje dekker alt som kan skje medan du er på jobb. Skaden må skuldast ei ulykke eller ein yrkessjukdom, og skaden må ha oppstått i arbeid, på arbeidsstedet og i arbeidstida.

Les òg meir på forsvarsdepartementet si side om forsikring og erstatning.

FN-erstatning

For personell som har tenestegjort i ein FN-ledet misjon er det etablert ei eiga erstatningsordning gjennom FN. Ordninga gjeld for fysiske og psykiske skadar, og dessutan dødsfall.

For fysiske skadar gjeld det ein søknadsfrist på 4 månader etter at skaden har skjedd. For desse skadane har FN etablert ein eigen prosedyre som sørger for at krav om erstatning og nødvendig dokumentasjon blir framsendt direkte frå operasjonsområdet. 

For psykiske skadar er det berre diagnosen PTSD som gir rett til erstatning. Det er òg eit krav om at PTSD har oppstått som følgje av konkrete hendingar eller opplevingar under tenesta. Dvs. at psykiske belastningsskadar som oppstår som følgje av belastningar over tid, ikkje gir rett til erstatning frå FN. 

Det gjeld ingen søknadsfrist for å fremma krav om erstatning for PTSD. Dette betyr at krav som stammar frå eldre tenestegjering kan fremmast no.

FN-erstatninga er ein ménerstatning og dekker ikkje uførhet. Storleiken på FN-erstatninga blir fastsett med utgangspunkt i grada av invaliditet. Maksimal utbetaling ved 100% medisinsk invaliditet er per november 2019 på 77.000,– USD.

Søknad om erstatning må oversendast FN via norske styresmakter. Personellet kan ikkje søka FN direkte. I Noreg er det Forsvarsdepartementet som tar imot søknader og førebur sakene for oversending til FN. Krav kan fremmast til postmottak@fd.dep.no. Les meir om ordninga på Forsvarsdepartementets nettsider.

Kva om eg blir skada?

Om du blir utsett for ein skade, er det nokre ting som er viktige å tenkje på.

​​​​Sørg for at skaden blir dokumentert. Oppsøk lege så snart som råd og meld frå til befal​ eller militærpoliti. Det kan vere greitt å notere ned kva som skjedde før, under og etter du blei skada. Skaff også namn på vitne medan du framleis har detaljane klart føre deg. Denne informasjonen vil kunne få stor betydning i ei eventuell erstatningssak.

Arbeidsgivar skal rutinemessig melde frå om yrkesskade til Nav. Om det ikkje blir gjort, bør du sjølv gjere dette. Melding om krav under nokre av erstatnings- eller forsikringsordningane sender du til Statens pensjonskasse. I skademeldinga bør du utførleg greie ut om og forklare korfor du krev erstatning, korleis skaden har skjedd og kva for eit øk​onomisk tap som har oppstått.

Om det er grunnlag for å utbetale erstatning, vil normalt rimelege og nødvendige utgifter til advokat til dekt som ein del av erstatningsoppgjeret.

Du finn meir informasjon ​på nettstaden til regjeringa.​

Pil til høyre
Internasjonale operasjoner