
Sikrar profesjonell oppfølging
I mai styrka Forsvaret handteringa av varslingssaker ved å etablere Forsvarets sentrale varslingsenhet. Som eit resultat av dette vart det også oppretta ny stilling i Heimevernsstaben: leder varsling.
Saka er frå heimevernsblad nr. 3 2024.
Sandra Johansen (31) har sju år politifagleg bakgrunn i etterforsking, men rettar no blikket mot varslingssaker i Heimevernet. Til dagleg koordinerer ho varslingssaker som kjem gjennom Forsvarets sentrale varslingsenhet i Oslo, men òg saker frå Heimevernet internt. Ho jobbar aktivt med å avgjere alvorsgraden på varslingssakar, og kva for nokre tiltak som skal tre i kraft. Vidare koordinerer ho ut i distrikta, rådfører, samarbeider og kjem med tips til korleis dei skal ivareta omsorgsplikten, varslar og omvarslar (den som det er varsla på).
Kva er eigentleg eit varsel?
Eit varsel er, i følge Arbeidsmiljøloven, når arbeidstakarar, soldatar eller innleigde informerer om forhold som er i strid med rettsreglar, etiske retningslinjer eller etiske normer som det er bredt tilslutning til i samfunnet. Dette kan være fare for liv, helse, klima eller miljø. Eit varsel kan også være om korrupsjon, myndigheitsmisbruk eller uforsvarleg arbeidsmiljø.
Johansen fortel at det er ikkje alle i Heimevernets elleve distrikt som veit kva man bør varsle om. Derfor koordinerer ho varslingssaker frå heile Heimevernet, fordi det ikkje er nok samla kompetanse om handtering av varslingssaker i dei ulike distrikta og områda. Dermed får varslingseininga inn alle varslar frå Heimevernet og tar ein avgjerd på vedtaka som skal gjerast.

Blir tatt alvorleg
Ho ønskjer at det skal bli lågare terskel for å varsle, og meir informasjon om korleis man varslar, kva man skal varsle om og ikkje minst sikre, behandle og ivareta varslaren på ein profesjonell måte. Ho
understrekar at so fort eit varsel er meldt er det ei viktig sak, og blir tatt alvorleg frå første ledd, for å unngå følgefeil i saksbehandlinga.
– Det viktigaste tiltaket for å forhindre varslingssaker er å ivareta kvarandre. Rette blikket mot andre. Ta en ekstra makkersjekk på dei rundt deg, fortel Johansen.
Når eit varsel tikkar inn hos varslingsmottaket i Heimevernet, møtast leder varsling, HMS rådgjevar og vernepliktig jurist. Dei tar deretter ein innleiande vurdering om dette er eit varsel, for om ikkje so vil saka bli sendt vidare til riktig mottakar av saken.
Stillinga som leder varsling i Heimevernet vart oppretta delvis for å koordinere og etterforske varslingssaker, men òg for å ivareta alle parter under ei varslingssak, og profesjonalisere varslingseininga.
– Det å varsle er nok ganske høgt-hengande hos folk, og det kan være vanskeleg å varsle. So når man først har tatt det skrittet å varsle so skal dei bli møtt på ein god måte. Det er viktig for oss å ivareta alle partane på en best mogleg måte, og at undersøkingane som blir utført er objektive.
For Johansen er det viktig at alle skal ha det bra på jobb og i teneste. Om man opplever uønskt seksuell merksemd, mobbing eller trakassering frå kollegaer eller overordna so skal det varslast.
– Dessverre er ein gjengangar når det kjem til varslingssaker at det er alkohol involvert. Det eg tenker er veldig viktig då er at om man opplever noko som har gitt deg ubehag, so er det veldig
viktig å kjenne på at det framleis ikkje er greit, sjølv om det har vært rus involvert.
– Ta ein ekstra makkersjekk på dei rundt deg.
Sandra Johansen
Kvar skal man varsle?
Johansen fortel at satsinga Forsvaret har gjort no med varsling er eit viktig grep i kampen mot mobbing og seksuell trakassering. Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS) har tilsett sju personar for å handtere saker som kjem i frå avdelingane utan et varslingsmottak. Ho fortel vidare at av den grunn har dei eit veldig tett forhold med FPVS og den sentrale varslingseininga. Dermed får alle avdelingane i Forsvaret framover lik prosedyre på korleis varsling handterast.
Viss du opplever noko du følar er i strid med arbeidsmiljøloven enten om det er på øving, jobb eller under sosiale arrangement gjennom jobben i Forsvaret, kan du melde det gjennom Forsvarets RAPP app eller til nærmaste sjef. Du kan også melde om hendingar gjennom FIF portalen på FIS Basis.