Et NH-90 helikopter på Rygge flystasjon. A NH-90 helicopter at Rygge air station.

Rygge

Rygge flystasjon ligg i Moss kommune, og er hovudkvarteret til Luftforsvarets leiing og Oslofjord heimevernsdistrikt.

Sted
Adresse
Flyplassveien 300, 1580 Rygge
Kontakt
915 03 003

Rygge er base for 339 skvadron (SOAS), som opererer herfrå med Bell 412-helikopter. Avdelinga er ein dedikert helikopterkapasitet for Forsvarets spesialstyrkar og tilhøyrer 134 luftving. Luftvingen har også ei avdeling på Luftforsvarets base Gardermoen.

Redningstenesta 330 skvadron har ein avdeling på Rygge, og opererer redningshelikoptera Sea King frå nye og moderne fasilitetar. I 2021 tar dei nye redningshelikoptera AW101 SAR Queen over for Sea King på Rygge.

I tillegg til helikopteravdelingane er Rygge flystasjon hovudkvarteret til Luftforsvarets leiing og staben til Oslofjord heimevernsdistrikt (HV-01). Cyberforsvaret, Forsvarets logistikkorganisasjon og Forsvarsbygg har òg avdelingar på Rygge.​

Aktivitetar og lokalmiljø

Rygge flystasjon ligg landleg til, søraust i Viken fylke. Like ved er nokre av dei finaste kystområda i Oslofjorden.

Flystasjonen er ein del av Moss kommune, og ligg i nærleiken av Fredrikstad og Sarpsborg. Rygge har gode tog- og bussamband, og motorveg til Oslo og sørover til Sverige. Oslo er berre ein snau times køyretur unna.

Moss har eit aktivt og variert kultur- og fritidstilbod. Eit hundretals lag og foreiningar skapar eit levande kulturliv med idrett, speidar, teater, kunst og musikk.

Idrettsavdelinga på Rygge arrangerer ballturneringar, badmintonturneringar, orienteringsløp, torsdagsjogg, symjing, skitkonkurransar, skidagar, trimturar, klatring og militære konkurransar. Hos idrettsavdelinga kan du få hjelp til å setje opp treningsprogram og låne utstyr.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader i tilknyting til Moss. Mange av dei som jobbar på Rygge bur òg i Råde og Våler. Les meir hos Moss kommune, Råde kommune og Våler kommune. Du også òg sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets bustader.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.