Operatører fra Marinejegerkommandoen i Kabul, Afghanistan

Avsluttar norsk militært nærvær i Afghanistan

Sidan 2001 har Forsvaret bidratt med styrkar til Afghanistan. No avsluttar NATO og Noreg det militære nærværet i landet.

Noreg har i løpet av dei siste 20 åra bidratt i fire ulike operasjonar i Afghanistan, og ti norske soldatar har falt i teneste for Noreg.

14. april 2021 vedtok NATO at alle allierte styrkar skal trekkjast ut av Afghanistan innan 11. september, og dette støttar Noreg. NATO starta å trekkje ut soldatar i mai.

Spesialstyrkebidraget avslutta

Dei siste åra har Noreg deltatt med eit spesialstyrkebidrag til Resolute Support Mission (RSM) i Kabul. Frå våren 2020 har Noreg òg bidratt med eit sanitetsbidrag til feltsjukehuset i den afghanske hovudstaden.

Spesialstyrkebidraget blei avslutta i juni 2021, og dei siste norske spesialsoldatane kom heim 26. juni. Med det var ein 20 år lang epoke i norsk forsvarshistorie over.

Fortsatt har Noreg personell ved feltsjukehuset i Kabul. Under NATO-toppmøtet i Brussel 14. juni kunngjorde statsminister Erna Solberg at Noreg tilbyr seg å forlenge feltsjukehus-bidraget i Kabul ut 2021. Det kan òg bli aktuelt å fortsetje spesialstyrkanes opplæring av afghansk tryggingspoliti, men då utanfor Afghanistan. Les meir om dette her.

Viktig for NATO

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen meiner dette viser kor viktige desse oppdraga er:

– Det er ikkje overraskande at det norskleidde feltsjukehuset i Kabul er ønskt. Feltsjukehuset består av personell med høg kompetanse som har løyst eit viktig oppdrag under utfordrande forhold, seier forsvarssjef general Kristoffersen og legg til:

– Det viser at vi bidrar med kapasitetar som er viktige – ikkje berre for Afghanistan, men òg for NATO.

Tar med viktig lærdom

– Forsvaret har lært mykje av desse åra, fortel general Kristoffersen.

Han trekkjer fram to ting som dei viktigaste lærdomane frå 20 år i Afghanistan:

For Afghanistan meiner han det er opplæringa med det afghanske tryggingspolitiet som har vore den viktigaste lærdomen for dei.

– I konfliktar vi er involverte i framover, må vi tenkje på oppbygging av lokale styrkar, fortset han.

For det norske forsvaret og NATO trekkjer han fram samarbeid som ein viktig faktor. Evna til å jobbe så tett saman over lang tid, og det samhaldet som er blitt vist.

Forma ein heil generasjon

Sjølv har Kristoffersen vore spesialsoldat. Han er høgt dekorert for innsatsen sin og har mellom anna mottatt krigskrossen med sverd. I tillegg har han deltatt i fleire operasjonar mot Taliban i Afghanistan.

– For meg var det ein veldig lærerik periode, og det var veldig meiningsfullt å tenestegjere i Afghanistan, seier han.

– Det har forma meg som soldat og offiser.

Han ser at Afghanistan-operasjonen i grunn har forma ein heil generasjon i Forsvaret. Sidan 2001 har rundt 9200 norske soldatar tenestegjort i Afghanistan. 

– Erfaringane vi har gjort desse åra, tar vi med oss vidare i arbeidet for eit stadig betre forsvar i Noreg.

Vanskeleg å spå framtida

Våren 2021 konsulterte dei allierte tett om vegen vidare for NATOs militære nærvær i Afghanistan. 

– Vi vil fortsetje med den sterke støtta vår til Afghanistan, og vi vil støtte fredsprosessen, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

NATO har hatt ein koordinert og ansvarleg uttrekking frå landet.

– Framtida til Afghanistan er no i hendene til det afghanske folket. Så eg håpar Taliban tar det politiske ansvaret dei bør ta for å skape ei best mogleg framtid for Afghanistan, med støtte frå det internasjonale samfunnet. Det er jo det vi håpar på alle saman, avsluttar forsvarssjef Kristoffersen. 

Afghanistan

Les meir om Noregs bidrag i Afghanistan her

Pil til høyre
180269493_4196081247098425_176700307186713275_n