Mannskapskaserne_skjerve

Evenes

Evenes flystasjon i Nordland er framskoten base for F-35 og hovudbase for Forsvarets nye maritime patruljefly, P-8 Poseidon.

Adresse
Evenes flystasjon, 8536 Evenes
Kontakt
91 50 30 03

Utover i 2020-åra utviklar Forsvaret Evenes flystasjon til ein operativ kampflybase for Luftforsvaret. Innan 2025 får stasjonen opptil 500 tilsette og 300 vernepliktige. Etter planen skal flystasjonen vere i full drift sommaren 2023.

Evenes er heimebase for Noregs fem nye maritime patruljefly av typen P-8 Poseidon. Flya driv maritim overvaking og har erstatta både P-3 Orion på Andøya flystasjon og DA-20 Jet Falcon som opererte frå Gardermoen.

I tillegg til P-8 Poseidon får 133 luftving på Evenes ein eigen luftvernbataljon og ein baseforsvarsskvadron for å beskytte dei flyoperative avdelingane. Luftvernet blir sett opp med våpensystemet NASAMS III, mens baseforsvarsskvadronen får avdelingar innan aktivt og passivt forsvar, ein stor hundeavdeling, sanitet, eksplosivryddarar og ein maskin- og konstruksjonstropp.

I januar 2022 overtok Evenes QRA-oppdraget frå Bodø. Det inneber at to F-35 kampfly er i lufta innan 15 minutt om ukjende fly kjem i nærleiken av norsk luftrom. Jagarflya skal finne, identifsere og dokumentere dei ukjende flya, og eventuelt hindre at dei tar seg ulovleg inn norsk luftrom. 

I tillegg blir det moderne fasilitetar for vedlikehald, idrett og andre støttefunksjonar. Forsvarets logistikkorganisasjon Forsyning og Cyberforsvaret har også ei avdeling på Evenes.

Sjå Forsvarsbygg for meir informasjon om utviklinga av Evenes flystasjon.

Bustad

Evenes flystasjon ligg i Evenes kommune, på grensa mellom Nordland fylke og Troms og Finnmark fylke. Harstad med 25 000 innbyggarar, ligg tre kvarters køyring nordover, mens Narvik med 22 000 innbyggarar, er ein snau times køyring austover. Regionen har vakker natur med fantastisk friluftsliv vinter og sommar. Evenes er også inngangsporten til vakre Vesterålen og Lofoten.

Sjå nettstaden til Evenes kommune for meir informasjon om området.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.