Norsk English
Et bell 412 SP fra 720 skvadronen på Rygge her utenfor en hangar ved Kjevik flyplass / A Bell 412 SP from 720 Squadron at Rygge here outside a hangar at the airport Kjevik

Kjevik

Kjevik ligg i Kristiansand. Leiren husar Luftforsvarets skulesenter og blir ny lokasjon for Befalsskulen.

Adresse
Kjevikveien 80, 4657 Kjevik
Kontakt
915 03 003

All militær verksemd på Sørlandet er knytt opp mot Kjevik. Her ligg hovudkvarteret til Luftforsvarets skulesenter (LS), med Luftforsvarets spesialistskule (LSS) og Luftforsvarets tekniske skule (LTSK). I tillegg har skulesenteret ein avdeling for teknologibasert læring (ATL) og ei baseavadeling på Kjevik. Skulesenteret består av til saman seks skular. Dei andre skulane ligg på Sørreisa, Værnes, Rygge og Ørland.

Endringar dei neste åra

Stortinget har vedtatt at Luftforsvarets skulesenter skal flytte frå Kjevik til Værnes i Trøndelag innan utgangen av 2025.

I den nye langtidsplanen frå 2024 er det vedtatt at Kjevik blir ny lokasjon for Befalsskulen. I tillegg til befalselever, vil det i åra som kjem, bli halde årlege kurs for rekruttar og kadettar frå Forsvarets krigsskular. 

Kjevik flystasjon har òg einingar frå Forsvarets personell- og vernepliktssenter, Forsvarsbygg, Forsvarets sanitet og Forsvarets logistikkorganisasjon Forsyning. Agder og Rogaland heimevernsdistrikt (HV-08) har òg fleire tilsette her.

Aktivitetstilbod

Kristiansand er den største byen på Sørlandet, og regionen har over 120 000 innbyggarar. Byen har eit yrande liv på lands og til havs, særleg om sommaren. Regionen har mange kulturtilbod, konsertar og festivalar, mellom anna den årlege Palmesus-festivalen i sentrum. Les meir på Kristiansand kommunes nettsider.

Det er hyppige avgangar med buss og tog til Oslo og Stavanger. Det er ferje til Danmark, og daglege flygingar til dei største byane i Noreg og fleire stader i Europa.

Kjevik leir har grusbane, volleyballbane, idrettshall med klatrevegg, handball- og fotballbane, treningssal og spinningsal. Leiren ligg to kilometer frå Hamresanden, som er ein av Noregs mest populære campingplassar. Frå leiren til næraste badestrand, Kjevikstranda, er det 400 meter. I tillegg låner velferda ut kanoar, telt og anna utstyr. 

Bustad

Forsvaret har bustader til utleige, både på Kjevik, Hånes og i Kristiansand by. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon. 

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.