Sjøforsvarets baser-Haakonsvern Orlogsstasjon

Haakonsvern

Haakonsvern er Sjøforsvarets hovudbase og ein av Nord-Europas største maritime militærbasar.

Adresse
Haakonsvern orlogsstasjon, 5886 Bergen
Kontakt
55 50 20 00 eller e-post: [email protected]

Haakonsvern orlogsstasjon (HOS), også kalla Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern (SHH), ligg ei snau mil vest for Bergen sentrum. Her jobbar rundt 3500 offiserar, spesialistar, sivile og vernepliktige.

Basen er hovudkvarteret til Sjøforsvaret og Marinen, og heimebasen til mange av Forsvarets sjøfartøy, som ubåtar, korvettar, mineryddarar, fregattar og logistikk- og støttefartøy. Marinejegerkommandoen har òg hovudkvarteret sitt her. 

Fleire andre forsvarsavdelingar er representerte på Haakonsvern. Luftforsvaret har base for NH90-helikopter, mens Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) har Regional logistikkommando Vest-Noreg på basen. FLO har i tillegg vedlikehaldsverkstad for Sjøforsvarets fartøy og materiell, og dessutan uniformsutal og fleire tilsette frå avdelingane for forsyning, strategiske anskaffingar og materiellstyring. 

Basen har eigen brannstasjon, sjukestove, postkontor, barnehage, kyrkje, lege- og tannlegekontor, kjøkken, innkvartering og verkstader.

Aktivitetstilbod

Basen har idrett- og treningsanlegg med symjehall, klatrevegg og idrettshallar for forsvarstilsette og familiane deira. Andre besøkande kan òg nytte dette tilbodet. Basen​s velferdsavdeling og kantine har dessutan musikkrom, internett, spelkonsollar og biljard. Elles har Bergen eit hav av tilbod innan kultur- og fritidsaktiviteter.

Bustad

Forsvaret har 220 bustader til disposisjon for tilsette i Bergen og omland. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.