ramsund orlogsstasjon 1998 norwegian naval base

Ramsund

Ramsund orlogsstasjon er Sjøforsvarets hovud- og logistikkbase i Nord-Noreg. I framtida blir stasjonen også framskoten base for Noregs nye ubåtar.

Adresse
Ramsund orlogsstasjon, 9442 Ramsund
Kontakt
915 03 003

Ramsund orlogsstasjon er Sjøforsvarets hovudbase i Nord-Noreg. Basen er òg viktig for dei operative fartøya og avdelingane som opererer stadig oftare og over lengre periodar nord for Polarsirkelen. Ramsund ligg heilt sør i Troms og Finnmark fylke, 50 minutt med bil frå Harstad og 25 minutt frå Harstad/Narvik lufthamn Evenes. Basen er ein del av Sjøforsvaret og er ein av tre store offentlege arbeidsplassar i Tjeldsund kommune. Basen har også ansvar for drift av Trondenes leir i Harstad.

Forsvarets spesialstyrkar (FS) med Marinejegerkommandoen til stades med ei rekkje trenings- og øvingsfasilitetar i eit arktisk klima. Ei eining frå Minedykkarkommandoen har òg tilhald på stasjonen.

Få eit innblikk i tenestekvardagen

Forsvarets verkstad Ramsund tilhøyrer Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) og er lokalisert i Ramsund. FLO er dessutan representert her med Forsyningsseksjon Hålogaland. Seksjonen leverer forsyningar og tenester til Forsvarets avdelingar i Ramsund.

Ramsund får ei sentral rolle i forsvaret av norske nordområde i framtida. I slutten av 2020-åra blir Ramsund framskoten base for Noregs nye 212-klasseubåtar, som erstattar dagens Ula-klasse. Utover i 2020-åra blir basen oppgradert og bygd ut med nytt kaianlegg og nye bygningar for vedlikehald og drift av ubåtane.

Aktivitetstilbod

Ramsund ligg like ved Evenes flystasjon som blir ein viktig kampbase for Luftforsvaret utover i 2020-åra. Den sivile delen av flyplassen, Harstad og Narvik lufthamn, har daglege direkteflygingar til Oslo og fleire andre stader i landet. Harstad er 50 minutts køyring unna, medan Narvik ligg 1 time og 10 minutt unna.

Ramsund ligg vakkert til i Tjeldsund kommune og har eit hav av opplevingar om du liker friluftsliv, fjelltoppar, tindar og sjø. Det er mange oppmerkte tur- og skiløyper i distriktet, og mange mogelegheiter for jakt og fiske. Distriktet er også inngangsporten til vakre Vesterålen og Lofoten.

Like i nærleiken er Tjeldsund idrettshall med handballbane, symjebasseng og eit velutrusta treningsrom. I tillegg er det slalåmbakke, lysløyper, fotballbane, sandvolleyballbane og skytebane. Sjå nettsidene til Tjeldsund kommune for meir informasjon.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader til leige i området rundt Ramsund orlogsstasjon. Les meir på Forsvarsbygg Basen.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.