3. gardekompanis drilltropp fra Hans Majestet Kongens Garde fremfører drill foran slottet

Oslo

Forsvaret har mange avdelingar i Oslo. Forsvarsleiinga og fleire andre avdelingar har hovudkvarter på Akershus festning, medan Krigsskulen held til på Linderud.

Sted
Adresse
Akershus festning, 0015 Oslo
Kontakt
915 03 003

Som landets hovudstad har Oslo alltid vore ein viktig forsvarsby. Akershus festning ligg i Oslo sentrum og er eit ynda turistmål. Men festninga er også hovudkvarter til Forsvarsstaben og Forsvarets høgskule. Festninga er òg hovudkvarteret til Forsvarets fellestenester, med avdelingar som Forsvarsmuseet, Forsvarets mediesenter, Forsvarets musikk og Forsvarets stabsmusikkorps. Leiinga til Forsvarets logistikkorganisasjon held òg til i Oslo.

Krigsskulen ligg på Linderud, like nord for sentrum. Skulen er organisert under Forsvarets høgskule og utdannar offiserar til Hæren.

Hans Majestet Kongens Garde er eit velkjent innslag i bybiletet som kongens eigen vaktstyrke. Avdelinga held til på Huseby leir, heilt vest i Oslo kommune.

Lutvann leir ligg aust i byen og er hovudkvarteret til Oslo og Akershus heimevernsdistrikt (HV-02) og Etterretningstenesta.

Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) har einingar i Lutvann leir og i Huseby leir som leverer forsyningstenester til Forsvarets einingar i Oslo. Hovudstaden er også heim for FLOs hovedutsal for militære tjenesteantrekk hos Forsvarets uniformsutsal (FUNIF).

Aktivitetstilbod

Som landets største by har Oslo naturleg nok uendelege tilbod innan idrett, kultur, underhaldning og naturopplevingar. Vala er mange, anten du ønskjer kulturelt påfyll på teater, opera, konsertar og klubbar – eller fysiske utfordringar i langrennsløypa eller i alpinbakken. Vil du bade og sole deg, kan du velje mellom utandørs badeanlegg som Frognerbadet, eller ta ein ferjetur over til ei av øyane i Oslofjorden. Nokre av dei beste idrettslaga og arenaene i Noreg ligg i Oslo.

En tenkjer kanskje ikkje over det, men Oslo ligg omgitt av flotte naturområde inst i Oslofjorden. Som hovudstad er byen eit naturleg knutepunkt for både nasjonale og internasjonale reiser, og plasseringa gjør Oslo til ein unik hovudstad. Skogen er berre ein T-banetur unna. Vil du vite meir om Oslo, sjå nettsidene til kommunen.

Bustad

Forsvaret har over 300 utleigebustader for tilsette i Osloregionen. Likevel må mange ut på den sivile leigemarknaden for å finne bustad i Oslo. Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets utleigebustader.

Sosiale nettverk

Forsvaret har frivillige familienettverk fleire stader i landet. I Oslo finn du Prinsesse Joséphines Gardiner. Nettverket er ein fristad der alle kvinnene på tenestestaden kan treffe andre kvinner i same situasjon. Nettverket arrangerer treff og tilstellingar, og er ein sosial og god møteplass i ein stor by som Oslo. Nettverket er oppkalla etter prinsesse Joséphine av Leuchtenberg. Ho var gift med kong Oscar I, grunnleggaren av Hans Majestet Kongens Garde i 1856. Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected].

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.